Våren 2023

Gode støttespelar!

Vi sat i båten. Det var sterk vind, og dei som styrte båten jobba hektisk med å manøvrere. Ein av passasjerane som ikkje hadde peiling på båt, sat midt i båten og ropte til styrmennene i forsøk på å instruere utan kompetanse på området. Eg var redd. Så til slutt klarte eg ikkje å dy meg: «Her får ingen rope anna enn dei som ropar på Vår Herre!»


Gud i en tid da alle krefter røynes

ber vi om håp i hele verdens strid,

der ingen lysning over veien øynes,

Gud, vær oss nådig nær i denne tid.


-Per Lønning, 1969-

 

Vi kjenner trang til å rope både på Vår Herre og andre. Om lag då pandemien gjekk over i ein rolegare fase braut krigen i Ukraina ut. På Afrikas Horn står 100-tusener i fare for å dø av tørke og svolt. I Sudan er krisa maksimert. Kva anna kan vi gjere enn å ta på oss arbeidshanskar og løfte HÅPET i «hele verdens strid»?

Vi vil løfte fram dei som har bevart håpet og halde ut i striden i Cochabambabarn-prosjektet i Bolivia. Det har vore ei utruleg tøff tid for medarbeidarane i Chiquicollo. Men dei har halde fram å gripe tak i fingertuppane til dei som har hatt størst behov for hjelp, på trass av at dei måtte halde avstand. Fleire av borna som slit både læremessig og følelsesmessig har fått nødhjelp gjennom dei siste 3 åra. No er arbeidet i gang for fullt igjen, og vi kan glede oss over at ytterst få har «ramla av lasset». Olga, Carolina, Rosa,Dania, kokkene og dei andre medhjelparane gir seg ikkje; dei brettar opp ermane, opnar hjertemuskelen, knyter andre musklar og lyfter HÅPET høgt! Dette gjev resultat for familiar som lever på kanten av stupet, men likevel har mykje å bidra med når dei berre får ei lita «omsorgs -krykke» å stø seg på vidare på vegen. Det er dette store arbeidet du er med på!

 
 
 

Takk for at du las dette! Vi håpar du også kjenner HÅPET sige på!

Til slutt vil vi nemne at i august kjem Carolina til Norge, om alt går etter planen. Ho vil besøke ein del grupper av støttespelarar som fins rundt i landet. Dette besøket ser vi fram til med stor glede!

Enno ein gong: TAKK for at du er med på laget!

Gode helsingar frå

Styret i Cochabambabarn-foreninga; Anne, Elise, Lina-Viktoria og Gunnhild

Kontonr: 3347.20.08329

Stryn, mai 2023.




Forrige
Forrige

Ærespris til Olga

Neste
Neste

Solidaritetsjon på Finnøy 2023