Støttespelarbrev November 2023

Stryn november 2023

Kjære Cochabambabarn-vener!

Snøen ligg heilt opp til verandarekkverket. Gradestokken viser vinter i nord, og i sør er sommaren på klar innmarsj. Men alle treng vi varme og omsorg!

I haust fekk vi den store gleda å få besøk av Carolina Escobar, pedagogen i Cochabamba-barn-prosjektet, her i Norge. I løpet av seks veker var ho både i Fredrikstad-området, på Finnøy og på Nord-Vestlandet,- både i Stryn, Ålesund og Ørsta.

Vi hadde gode dagar saman med Carolina som sjølv viste stor glede over å sjå den norske naturen, reise rundt i dei ulike distrikta og ikkje minst møte menneske av ulikt slag. Ho viste stor takksemd i møte med Bolivia-vener i aust og vest.


Carolina presenterer seg sjølv som ei av dei første fruktene av Cochabamba-barn-prosjektet sitt arbeid. Carolina er fødd i Potosi i 1981. Dei var 8 søsken. Faren arbeidde i gruvene, som de fleste andre i Potosi. Gruvearbeidet førte til at han vart sjuk og mista arbeidet der. Dei flytta som så mange andre frå gruvebyane, til Cochabamba i håp om eit betre liv. Faren døydde ikkje så lenge etter. Mora tok vaskejobbar og sleit mykje for å livnære familien. Mor til Carolina tok kontakt med Olga og spurde om Carolina kunne få økonomisk hjelp til å studere pedagogikk Carolina starta som hjelpelærar til borna i det nystarta prosjektet. Slik fekk ho støtte til studiane sine samtidig som ho fekk praksis i faget.

I løpet av studietida sa Carolina til mor si: «Når eg har fått mi utdanning, så skal du ikkje trenge å arbeide. Då skal eg underholde deg». Dette løftet heldt ho heilt til mora døydde for nokre år sidan.

Sidan 2006 har Carolina vore tilsett i prosjektet som pedagog. Ho gjer en fantastisk jobb for borna og familiane. Ho har mykje omsorg og kjærleik å gje!


Vi som fekk vere saman med Carolina i manga dagar her, fekk lære henne endå betre å kjenne. Ho stilte opp på Boliviakveldar, skulebesøk og diverse anna på alle dei tre stadane ho besøkte. Carolina fekk seg turar både til Aksla i Ålesund, Geiranger, med Loen Skylift til Hoven, til Hvaler og til kystperlene i Rogaland. Så innimellom informasjonsmøta fekk ho vere turist Vi trur ho tok hundrevis,- kanskje tusenvis bilde!

Etter at Carolina kom tilbake til Cochabamba har ho teke eksamen i teologi-faget ho har studert på deltid i det siste og ho vart uteksaminert for eit par veker sidan med ein høgtideleg og fin fest!


I tillegg til at de no har fått bli kjent med historia til ein av våre første prosjekt-ungdomar, så skal vi presentere dykk for to nye familiar som viser kvifor det er behov for dette arbeidet som blir dreve i Chiquicollo,- ja kanskje større behov enn nokon gong! Av hensyn til familiane har vi bytta ut dei faktiske namna.


Familien Santa (fiktivt namn) er ein ny familie som har søkt støtte i prosjektet på grunn av ein vanskeleg livssituasjon. Mor er åleine med borna og ho tek vaskejobbar for å få råd til husleige og mat. Borna blir overlatne til seg sjølv når det gjeld skulearbeid. Mor har ikkje mulegheit til å hjelpe. Då dei starta i prosjektet hadde Paola store lese-og skrivevanskar og ho sleit med matematikken. Carolina fortel at med mykje støtte og god tilrettelegging har situasjonen betra seg mykje. No går det framover!

David er ein aktiv liten gut, flink til å hjelpe mor, men han er mykje heime åleine. Han treng mykje tilsyn og hjelp til skulearbeidet. Med 2 dagar i prosjektet kvar veke,- med solide måltid, god lekseoppfølging og mykje omsorg, får bådehjernen, hjerte og kroppen elles påfyll av mykje av det mor ikkje maktar å gje i den situasjonen ho er i. Personalet ser stor framgang hos borna. Det gledelige er no at far er komen tilbake og kan støtte familien. Han har fått jobb som skraphandler og kjøper jern og liknande og sel vidare. Det er HÅP!

Vesle Maria er 5 år og har vore i prosjektet i nokre månadar. Tenk å vere ei lita jente som må flytte med foreldra sine ned frå fjellbygdene der alle snakka quechua, og til byen der dei fleste snakkar castelliano og ikkje forstår henne verken på skulen eller i nærmiljøet elles. Foreldra hadde ikkje moglegheit for å klare seg oppe i landsbygda, men lite skulegang gjev dårlege odds for arbeid også her i Cochabamba. Mor har fått jobb med å skrelle poteter på markedet. Veslebroren på 4 er med mor på jobb. Ein 4-åring skal leike å vere saman med andre born, ikkje sitte apatisk å sjå på at mor skrellar poteter mellom potetsekkane på markedet og kanskje kvile middag på ei papp-plate. Det er viktig for foreldra at neste generasjon skal få ei utdanning og få fleire moglegheiter enn dei sjølve har hatt. Difor vil dei at Maria, og etterkvart broren, skal få den hjelpa dei treng gjennom prosjektet for å klare seg vidare.

På skulen er Noemi den yngste jenta og sidan ho berre snakkar quechua slit ho med å kommunisere med dei andre borna. Ho treng svært mykje hjelp og omsorg for å klare seg, og det får ho gjennom prosjektet. Dei har laga eit eige opplegg for henne der ho får mykje oppmuntring i skulearbeidet og ved å vere saman med dei andre barna også i leik, får ho godt grunnlag for å lære seg andrespråket som ho er avhengig av for å kome vidare. Igjen, det er HÅP!


Ruben er 22 år og starta i prosjektet som student med støtte. Han tek ei 1-årig frisørutdanning. Han vil gjerne bli fort ferdig med utdanninga slik at han raskast mogleg kan hjelpe foreldre og søsken økonomisk. Han får praksis ved å kome til oss i prosjektet og klippe barn som treng det. Ein vinn-vinn situasjon!


Ei juleutfordring

19.desember blir det julefest med utdeling av bukser til alle barna og matkorger til alle dei 100 familiane.

Vi vil oppfordre til ei konkret utfording.

Matkorga kostar ca 250 kr. ,

- Kjenner du nokon som kan sponse ei slik korg før jul?

Kanskje kan du sjølv sponse ei slik korg og gje i julegåve til nokon?


Tusen takk!

Til deg som støttar prosjektet: Du er med på noko svært viktig! Vi må tenkje at for kvar einaste som får hjelp er du med å rydde vegen til kunnskap og fridom frå fattigdom. No må vi berre kome oss over den økonomiske kneiken som dollarkursen skaper for driftinga av prosjektet. Det skal vi klare i lag!



Vi ynskjer dykk alle ei velsigna jul og eit fredeleg nytt år!

Gode helsingar frå styret i Cochabambabarn-foreninga;

Anne, Elise, Lina Viktoria, Bjørg og Gunnhild.


Kontonr.: 3347.20.08329,

VIPPS 77246

Epost: elise.landa.lunde@lyse.net

Neste
Neste

Ærespris til Olga